Røde Kors huset

Treng du lokale til selskap, kurs eller møte?


Vi leiger gjerne ut lokala våre

I lokala kan ein dekke til 32 personar. Kjøkkenet er godt utrusta med blant anna:

Lokalet har to toalett, der det eine er eit handicap-toalett. Det er trappefri tilgang til lokala som er i 1. etasje.

Det heng hjartestartar ute på veggen. Hugs å ringe 113 dersom mistanke om hjartestans!

Ta kontakt med Jorunn Norstein Eggum på mobil: 911 88 389 for utleige og andre spørsmål.




Røde Kors huset er utleigd desse datoane

  • 03.04.2024
  • 04.04.2024
  • 06.05.2024
  • 10.05.2024
  • 11.05.2024
  • 12.05.2024
  • 18.05.2024
  • 19.05.2024
  • 20.05.2024
  • 03.06.2024
  • 05.06.2024
  • 12.06.2024
  • 23.05.2026

Takstar og vilkår for utleige av fest- og møtelokale i Rode Kors Huset

Leige til konfirmasjon, dåp, jubileum, fest og liknande

Leigar får tilgang til lokala kvelden før arrangementet, for pynting med meir. Vidare har leigar tilgjenge dagen etter arrangementet for rydding/vask med meir. Dette arbeidet skal vere avslutta innan kl. 15:00 denne dagen.

Leigar skal vaske opp alt brukt utstyr, bestikk med meir. Vidare skal leigar vaske alle golv, diskar og bordflater og toalett. Det skal ryddast opp utanfor lokalet.

Alt bos skal fjernast av leigetakar.

Kr. 2.000

Vask

Utleigar kan, etter avtale, tilby vask av golvflater og toalett.

Kr. 700

Bos

Utleigar kan, etter avtale, tilby å fjerne bos. Leigar samlar alt bos i sekk/ sekker og set desse i gangen ved ytterdøra.

Kr. 300 pr. sekk

Dagsmøter for bedrifter 08:00 – 17:00 inkludert vask

Kr. 2.000

Dagsmøter for private, lag og organisasjonar kl. 08:00 – 17:00

Kr. 1.000

Korte kveldsmøter – kl. 18:00 – 23:00

Kr. 500



Husreglar for Røde Kors huset på Hanahaug i Leikanger

Vedteke på årsmøte i Leikanger Røde Kors 2020. Styret i Leikanger Røde Kors har mynde til å revidere vedtektene.

Areal

Leigeavtalen gjeld for forsamlingsrom m/kjøkken, gang og tilhøyrande toalett. Det er ikkje tilgang til Røde Kors sine andre lokale i same bygg.

Alder

Ansvarleg leigetakar må vere fylt 25 år.

Nøklar og låsing

Leigetakar får utlevert kode/nøklar til leigearealet. Når leigeperiode er ute skal eventuelle nøklar leverast attende til utleigar same dag, i fylgje det som er avtalt. Dersom nøklane ikkje vert levert tilbake må leigetakar betala kr. 2.500,- Alle dører må vere låste når leigar ikkje er til stades i leigearealet.

Lys

Lysbrytarane til lokalet er plassert inne i boden, ved sida av toaletta. Der er det også lager av ekstra toalett- og tørkepapir, moppar og anna vaskeutstyr.

Kjøkken og utstyr

Kjøkken og kjølerom er til fri bruk. Instruks for oppvaskmaskin heng på veggen ved sida av maskina. Instruksar for anna utstyr ligg i hylla ved kjøleromet.

Skade på utstyr/maskiner grunna feil bruk, må leigetakar erstatta.

I ulike skåp vil ein finne servise, bestikk, glas, div. dekketøy ol.

Etter oppvask skal alt settast attende der det vart teke ut.

Om noko blir øydelagt av anna årsak enn grunna normal slitasje, skal leigetakar erstatte dette.

Handdukar og klutar til kjøkkenet, må leigetakar halde sjølv.

Bord og stolar kan ein plassere slik ein måtte ynskje.

Dersom det trengs kan leigar få låne fleire bord og stolar, i tillegg til det som er standard i lokale. Dette må avtalast på førehand.

Bord og stolar skal settast attende slik det sto før leigeperioden.

Sikringsskåp

Sikringsskåpet er plassert inne i lokala til Røde Kors. Berre ansvarleg leigar har lov til å gå inn for å slå på att sikringen.

Ingen andre enn ansvarleg leigar har adgang til dette arealet. Her oppbevarer Røde Kors store verdiar som er viktige for beredskapen.

Anna utstyr

Dersom noko av Røde Kors sitt utstyr blir skada eller blir borte i leigeperioden, er leigetakaren erstatningspliktig, uavhengig av kven som er gjerningsperson.

Internett

Det er trådlaust nett installert leigelokala.

Røyking

Det er ikkje lovleg å røyke i lokale. All røyking lyt skje utandørs. Leigetakar må sjå til at det ikkje ligg att sneipar og anna bos ute. Dersom det vert røykt inne vert leigar belasta for reinsing av lokale.

Rydding, reinhald og skade

Lokale med inventar skal leverast attende til utleigar, i same stand som då leigeavtalen tok til. Leigetakar er ansvarleg for rydding og vask, dersom ikkje anna er avtalt på førehand, jfr. oversynet over takstar for leige. Dette gjeld forsamlingslokale, kjøkken, toalett, gangareal og for uteområde. Leigetakar skal samla saman og ta med seg alt bos, dersom ikkje anna er avtalt på førehand.

Det er ikkje høve for leigetakar å nytte bosdunkane på utsida av bygget. Dersom dei vert nytta av leigetakar, vert leigar kravd forekstra betaling for å tømme desse.

Etter vask samlar ein moppane i ei bøtte, og set inn i boden, saman med resten av vaskeutstyret. Desse vil bli vaska av utleigar.

Ulempegebyr

Dersom leigar ikkje etterlever vilkåra i leigeavtalen, skal leigar betale eit ulempegebyr på minimum kr 1.000,- for utleigar sitt ekstraarbeid. Dette kjem i tillegg til leigesummen og andre kostnader.