Om Røde Kors Hjelpekorps
Aksjonar og beredskap
Røde Kors Hjelpekorps blir kalla ut av Politiet når nokon blir sakna, ved ulykker, kriser med meir. Vi er i tillegg tilslutta ein eigen avtale med AMK der vi tilbyr transport av pasient der ambulanse ikkje kan komme til. Dette kan vere hendingar i fjellet der mannskap frå Hjelpekorpset må rykke ut med snøscooter eller ATV.
Sanitetsvakt
Røde Kors Hjelpekorps er til stades på ulike arrangement. Dette kan vere fotballturneringar, Kjeringi Open, Sognefjordrennet med meir.
Kurs
Vi i hjelpekorpset kursar oss stadig for å halde oss oppdatert. I tillegg til at vi sjølv kursar oss, kan vi også tilby førstehjelpskurs.
Barn og unge
For oss er det spesielt viktig å stille opp for barn og unge. Vi er difor spesielt synlege på arrangement for barn og unge. Ved sidan av organiserte arrangement er vi også til stades ved hendingar som skidag for skuleelevar med meir.
Øvingar
Øvingar er noko av det som er mest av i hjelpekorpset. Dette er viktig for at vi skal vere trygge på oppdrag og sikre at dei som treng hjelp får den beste hjelpa dei kan få.
Sosialt
Det er, og skal vere kjekt å vere med i hjelpekorpset. Nokon vil kalle det å vere medlem i hjelpekorpset for verdas beste hobby!
Dersom du lurer på noko rundt Hjelpekorpset er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss.