Vil du bli frivillig? Vi treng deg!

Røde Kors Leikanger har eit breitt spekter av aktivitetar. Alle aktivitetar er basert på frivilligheit der du kan gjere ein innsats. Å vere frivillig er givande, og ved å vere medlem vil du oppleve eit sosialt og kjekt miljø.

Røde Kors Hjelpekorps

Røde Kors Hjelpekorps blir kalla ut av Politiet når nokon blir sakna, ved ulykker, kriser med meir. Vi er i tillegg tilslutta ein eigen avtale med AMK der vi tilbyr transport av pasient der ambulanse ikkje kan komme til. Dette kan vere hendingar i fjellet der mannskap frå Hjelpekorpset må rykke ut med snøscooter eller ATV.

Typiske andre aktivitetar er påskeberedskap i fjellet, sanitetsvakter på ulike arrangement og øvingar for å sikre at vi er klar til innsats når vi trengs.

Dersom du lurer på noko rundt Hjelpekorpset er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss.

Bli frivillig i Røde Kors Leikanger Hjelpekorps.

Røde Kors Omsorg

Røde Kors Omsorg gjer ein viktig jobb for dei som av ulike grunnar ynskjer meir kontakt med andre menneske. Deira jobb gjer kvardagen enklare for einsame i alle aldrar.

I Leikanger arrangerer Omsorg blant anna fast bingo på sjukeheimen, går turar med dei som ynskjer det og er ein god samtalepartnar.

Dersom du lurer på noko rundt Omsorg er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss.

Bli frivillig i Røde Kors Leikanger Omsorg.