Ein glad leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad, med den rause sjekken frå Sparebanken Sogn og Fjordane ved banksjef Jan Petter Vadheim.
12.05.2023 John Petter Svedal
Den særs kjærkomne gåva skal nyttast til Leikanger Røde Kors si pågåande oppussing av lokala på Hanehaug. Leikanger Røde Kors rustar opp dei gamle næringslokala sine slik at vi kan satse på nye ungdomstilbod og styrke lags- og medlemsaktivitetar. Leikanger Røde Kors er veldig glad for den rause gåva og takka hjarteleg!