Jule- og nyttårshelsing til Leikanger Røde Kors sine medlemer

Fotomontasje Leikanger Røde Kors

Kjære medlem i Leikanger Røde Kors! Takk for innsatsen i 2022!


21.12.2022 Knut Henning Grepstad



Laget sine medlemer har gjort ein stor innsats og har vore viktige støttespelarar innan omsorgsarbeidet og for å sikre ein god beredskap. Laget er tilbake i meir normal drift, etter ein krevjande Covid-19 periode. 2022 vart eit godt år, takka vere medlemene sin positive innsatsvilje, evna til å finne løysingar og til alltid å stille opp og gjere det beste for våre medmenneske og samfunnet rundt oss. Vi henta fram dei beste kvalitetane i Røde Kors sine grunnleggande idear! 2022 - Frivilligheita sitt år Med tilskipingar og tilbod, omsorgsarbeid og beredskap har den store frivillige sektoren skapt trivsel og kvalitet i kvardagen, som tillegg og støtte til det offentlege sin innsats. Omsorg Omsorg sine omfattande aktivitetar er tilbake i fullt gjenge. Kvar veke er det fleire populære tilbod på sjukeheimen. Folk får besøk heime. Syklane og rullestolane har vore i fullt bruk. Det har vore turar. Nokre har vore på fjorden med Sogn brann og redning IKS. Omsorg gjennomfør mange aktivitetar som har gjort kvardagen rikare for deltakarane. Vi ser signal om at det kan bli endå større aktivitet i 2023 dersom flyktningar frå Ukraina kjem til bygda vår. Den utfordringa skal vi i så fall meistre! Hjelpekorpset Hjelpekorpset er førebudd og klar til å rykke ut på kort varsel, når det trengs. Korpset er trena, godt fagleg oppdatert og godt utstyrt, med godt sambandsutstyr. Med ATV, snøskuter og anna utstyr kan det lokalkjente korpset ta seg fram i terrenget på alle årstider. Røde Kors Huset Alle formalitetar med å overta Røde Kors Huset på Hanehaug er no i orden. Vi eig huset! Huset har store og tenlege lokale som vi kan utruste slik vi til ei kvar tid prioriterer. Og vi har ei dyktig husnemnd som tek vare på, og har god drift. Oppussing og tilpassing er komen i gang. Kommunen og Sparebankstiftinga har gjeve viktige bidrag. I tillegg har årsmøtet løyvt nokre midlar. Så vi kjem eit stykke på veg. Men vi treng noko meir støtte for at alt skal bli så funksjonelt som vi treng og ønsker det. Kostnader Omsorgs- og beredskapsarbeidet og drifta av Røde Kors Huset påfører oss høge årlege kostnader. Medlemane yter eit viktig bidrag med medlemskontingenten. I tillegg er vi avhengig av andre finansieringskjelder. Støtte frå stiftingar og næringslivet, er viktige for å kunne halde oppe aktiviteten, kompetansen og ha utstyret vårt på topp, For å få støtte utanfrå må vi syne at vi er dyktige og til å stole på! Vi må utgjere ein skilnad. Det greier vi! Alle medlemane fortener ei stor takk for innsatsen – kvar på sin plass! Vi ønskjer alle ei triveleg jul og eit triveleg godt nytt år! Knut Henning Grepstad Leiar i Leikanger Røde Kors