Dør til dør aksjon på Leikanger

Representantar frå Røde Kors skal ha ein Dør til Dør aksjon på Leikanger.

I veke 30, 25. - 29. juli, vil representantar for Røde Kors ha ein Dør til Dør aksjon på Leikanger.


13.07.2022 Knut Henning Grepstad



Målet er å verve medlemar og gjevarar til finansiering av Røde Kors sitt omfattande arbeid. Dei som vert verva vert medlemar i vårt lokallag. I tillegg vel dei å støtte Røde Kors sitt nye gjevarprogram «Røde Kors-giver» ein gang i månaden. Informasjon om Røde Kors sitt gjevarprogram finn de her: https://www.rodekors.no/stott-arbeidet/rode-kors-giver/slik-hjelper-rk-giver/ Her er ei kort, men ganske utfyllande, liste over korleis vervarane jobbar og kven dei er: 1. Vervarane ber eit godt synleg ID-kort og har anten kvit vest eller raud t-skjorte! 2. Dei er deltidstilsette i Norges Røde Kors, og har fått grundig opplæring i Røde Kors si historie, verdiar og prinsipp. 3. For å bli med som gjevarmedlem fyller ein ut ein avtalegiro (der ein må gje opp kontonummer). Vervarane nyttar anten verveblokk eller nettbrett til å rekruttere faste gjevarar. Dei går frå dør til dør frå kl. 16.00 – 21.00.