Aktivitetsdag med ungdomsskulen

10. klasse i lag med fem frivillige frå Hjelpekorpset

4. mars bidrog vi under skidag for elevane ved Leikanger ungdomsskule. Vårt bidrag er del av partnarskapsavtalen som vi har med skulen, der vi i løpet av skuleåret er med på ulike aktivitetar.


22.03.2022 John Petter Svedal



Denne dagen fekk 10. klasse ei innføring i skred, og dei fekk prøve seg på både bruk av skredsøkar og søkestang. Vi gjekk gjennom pasientundersøking, og elevane fekk prøve seg på spjelking av beinbrot med det ein kan finne i naturen. Ein flott dag med flinke elevar!