Støtte til kjøp av redningsutstyr

Administrativ leiar Kristian Slinde (t.v.) og leiar John Petter Svedal i hjelpekorpset syner fram noko av utstyret som er kjøpt inn. Dei er godt nøgd med innkjøpet som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane finansierte. Foto: Jørn Njøs.

Takka vere økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på kr. 60.000 har vi no fått kjøpt inn redningsutstyr for mannskap til bruk ved redningsaksjonar.


30.11.2021 John Petter Svedal



Det innkjøpte redningsutstyret bidreg til auka tryggleik i fjellet, ved sjøen og andre område på både vinter- og sommarstid. Vi har siste åra hatt ei auke i tal søk- og redningsaksjonar. Dette kombinert med fleire typar redningsaksjonar og ei auka medlemsmasse, gir oss utfordringar med at vi manglar utstyr for å kunne utføre aksjonar på ein trygg og effektiv måte. Tryggleiken til eige mannskap har alltid høgaste prioritet, og difor er kjøp av redningsutstyr heilt naudsynt. Dersom vi ikkje kan garantere for tryggleiken til eige mannskap, kan vi heller ikkje delta i søk- og redningsaksjonar. Redningsutstyret vi har kjøpt inn består av: - Flytevestar - Ryggsekkar - Varmeposar - Skredpakkar med søkestang, spade og skredsøkar - Søkelykter - Powerbankar Behovet for redningsutstyr er framleis stort, men tilskotet frå Sparebankstiftinga gjer til at vi no er enda betre rusta redningsaksjonar. Vi håpar no på å få inn meir midlar slik at vi får nok utstyr til alle våre frivillige. Vi sender ein stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane!