SKAL BERGA LIV: Det er Hjelpekorpset si oppgåve å berga liv, her gjev lagsleiar John Petter Svedal to unge, Celine, til venstre, og Anniken Sofie opplæring i hjarte- og lungeredning. Foto: Terje Eggum
18.08.2021 Sogn Avis - Terje Eggum
– Me veit ikkje når me kan koma ut for noko som kallar på snøgg handling, seier Celine, og tykkjer det er fornuftig å bruka dette høvet til å læra meir. Korpslokala på Hanehaug Dei to er no starta i 8. klasse og har vore innom dette før, men denne laurdagen, i lokala til Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, fekk dei høve til å læra meir om førstehjelp. I sommar har Frivilligsentralen, gjennom initiativet Sommarmoro, invitert til aktivitetar for born og unge. Det er etablert eit tilbod til unge i Leikanger gjennom finansiering frå Gjensidige. Førstehjelp og skredsøk Det er lagt til rette for fleire syslar, men denne dagen var det Leikanger Røde Kors Hjelpekorps som sette dagsordenen. – Me har laga eit opplegg innanfor førstehjelp og skredsøk, seier John Petter Svedal, som er leiar for hjelpekorpset i Leikanger. Han har tolv unge i alderen 8-13 år rundt seg i korpset sine lokale på Hanehaug. Dei har alle aktivt meldt seg på nett denne aktiviteten. Budde på å yta hjelp Det er ikkje mykje moro i utsiktene til å bli konfrontert med liv eller død. Men Anniken Sofie og Celina ser at Frivilligsentralen sitt initiativ fyller eit behov, i alle fall for deira del. – Eg synes alle skal vera budde på å yta hjelp, seier Anniken Sofie, og Celine nikkar samtykkande. Dei veit ikke om dei er klare for å bli medlemar i hjelpekorpset, rett enno, men dei ser ikke bort frå at dei blir med på andre kurs korpset måtte by inn til. Alminneleggjering Leiaren er kjapp med å skyta inn at laget har avtale med Leikanger ungdomsskule om å medverka med program på skidager. Han minner om at vinteren er ei årstid som eignar seg for hjelpekorpsaktivitetar. Det blir nok høve for dei to, og andre, til å bli med i felten når den tida kjem. – Hjelpekorpset forvaltar viktig innsats på vegner av samfunnet, seier John Petter Svedal. Han trur dei yngste, ved å koma innanfor ein laurdags formiddag, får korpset sine syslar alminneleggjorde og at eit slikt tiltak er godt i så måte. Varsemd og respekt – Me oppnår også kanskje å avmystifisera det dei raude trøyene steller med, seier lagsleiaren. Knut Henning Grepstad er leiar for Leikanger Røde Kors, som er moderorganisasjonen til hjelpekorpset. Han meiner det er viktig av mange grunnar at korpset opnar dørene for dei heilt unge. – Her er siktemålet å dra unge med på ein sommaraktivitet, men hjelpekorpset formidlar innsikt som varsemd og respekt, dei unge har det kjekt under opphaldet, men får også med seg noko meir, seier han. Slett ikkje skummelt Tiltaket frå Frivilligsentralen er retta mot unge i alderen 10-16 år. Men denne gongen var det rom også for ein liten kvartett yngre. Mamma Anita Stølen heldt eit auga med sine. Dei andre hadde ein pappa med raud skjorte, såleis eit korpsmedlem. – Det er fint at dei tidleg får ei forståing for kva førstehjelp er, etter å ha vore her ser dei at det slett ikkje er skummelt, seier Anita Stølen.