Leikanger Røde Kors med hjartestartar på Hanehaug

Leiar i Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, John Petter Svedal (t.v), og Knut Henning Grepstad, leiar i Leikanger Røde Kors, er godt nøgde med å ha fått opp ein hjartestartar på Røde Kors Huset på Hanehaug, til beredskap for ålmenta. Foto: Leikanger Røde Kors

Takka vere økonomisk støtte frå Sture Husabø sitt Legat og på initiativ frå Leikanger Røde Kors, er det no tilgjengeleg hjartestartar for ålmenta på Hanehaug.


14.03.2021 John Petter Svedal



- Vi søkte i fjor om midlar til å kjøpe inn og montere ein hjartestartar utanfor lokala våre på Hanehaug. Til dette fekk vi tildelt 24.000 kr som dekka kjøp av hjartestartar, varmeskåp og kostnader knytt til elektro og montering. Sidan hjartestartarens skal stå ute heile året, må den nemleg stå i eit eigna varmeskåp som beskyttar mot vær og kulde, seier leiar i Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, John Petter Svedal. Saman med Knut Henning Grepstad, leiar i Leikanger Røde Kors, rettar dei ein stor takk til Sture Husabø sitt Legat, som fullt ut finansierte prosjektet. - Hjartestartaren på Røde Kors Huset på Hanehaug er montert på bygningen der trykkeriet Ingvald Husabø Prenteverk, IHP AS og Sogn Avis tidlegare heldt til. Legatstiftaren Sture Husabø, saman med familien, bygde opp trykkeriet og eigde Sogn Avis. Slik sett er noko av legatmidlane no «komne heim», som ei markering av Sture Husabø si rause gåve til Leikanger, Balestrand og Vik, seier Grepstad. Registrert i hjartestartarregisteret Hjartestartaren er registrert i registeret til 113.no. Dette betyr at dersom nokon får hjartestans og ein ringer 113, vil AMK kunne finne på kartet sitt om det finst ein hjartestartar i nærleiken. – Det kan av og til ta litt tid før ambulanse kjem til staden, og i mellomtida kan AMK forklare kor du kan finne ein hjartestartar. Dette kan utgjere skilnad på død og liv inntil ambulansen kjem fram, seier Svedal, og understrekar samstundes at ein alltid må ringe 113 dersom det er mistanke om hjartestans. Håpar hjartestartaren får stå i fred Det er fleire hjartestartar registrert i Leikanger, størsteparten er å finne innomhus. – Det mest ideelle er at ein hjartestartar er tilgjengeleg heile døgnet. Samstundes er vi kjent med tilfelle der hjartestartarar har blitt stolne. Eg vel likevel å tru at dei aller fleste skjønnar at det å stele ein hjartestartar, kan få store konsekvensar dersom nokon får hjartestans og startaren er vekke. Ein hjartestartar er nok heller ikkje så lett å omsetje i ettermarknaden, så eg vel å tru at dette går fint, seier leiaren i Hjelpekorpset.