Bli med på ope innspelmøte på Systrond 26. oktober

Bli med på ope innspelmøte på Systrond 26. oktober kl. 18.00 – 20.00 i Skyttarhuset på Moene

Sogndal kommune skal revidere samfunnsdelen i kommuneplanen – vi håpar du vil delta på Innspelmøte!


14.10.2020 Knut Henning Grepstad



Kjære medlem i Leikanger Røde Kors Under finn du invitasjon til å medverke på innspelsmøte i arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen for Sogndal kommune. Saman med nokre andre organisasjonar i lokalsamfunnet vårt var vi med på eit oppstartsmøte i Sogndal i regi av Sogndal kommune. Det vidare arbeidet handlar no om å få mobilisert innbyggarane til kome med sine innspel. Alle vi som var med frå Leikanger arrangerer eit innspelsmøte den 26. oktober på Moene der skyttarlaget riggar sine lokale denne kvelden. Vi reknar med at du også vil få invitasjonen gjennom andre kanalar i tillegg til denne e-posten. Kommunen vil også sende ut sms-varsling til alle innbyggarane. Vi håpar du ha tid til å delta i dette viktige arbeidet eit par timar måndag kveld 26. oktober. Det er nødvendig med påmelding – sjå invitasjonsbrevet under: "Kva vil du at me Systrendingar skal ha med i ny samfunnsplan for Sogndal kommune? Korleis vil me at Sogndal kommune skal vere i 2030? Korleis skal tettstadene våre sjå ut? Kvar skal me byggje bustader? Korleis skal me få til vekst og utvikling på ein berekraftig måte? På kva måte kan fleire kjenne seg inkluderte og ha god livskvalitet? Korleis skal kommunen styrast, og kva bør bli betre med tenestene frå kommunen? Korlei kan vi styrke og mobilisere frivillige organisasjonar? Me ønskjer det store mangfaldet av gode innspel frå deg og alle andre! Sogndal kommune starta 1. oktober arbeidet med å mobilisere til idedugnadar. Eit tredvetals personar frå lag og foreiningar i dei ulike lokalsamfunna var samla til eit første møte. No mobiliserer vi for å få med oss mange systrendingar på eit lokalt møte om den nye samfunnsdelen i kommuneplanen. Vi håpar du blir med på innspelsmøte. Her vil alle idear og forslag bli skreve ned og er viktige. Det er ikkje eit diskusjons og debattmøte. På det lokale innspelsmøtet vil du treffe andre som er engasjerte i lokalsamfunnet sitt, og arbeide ilag om gode idear. Grunna korona situasjonen og ei oversikt over kor mange som kjem, så er det viktig at du sender påmelding til så snart som råd – og innan 23. oktober. Alle er velkomne Påmelding til; Gunn Helen Henne; E-post; opplevleikanger@gmail.com Helsing Per Hauge - Syril, Olav Skarsbø - Skyttarlaget, Knut Henning Grepstad - Røde Kors og Sogelaget, Guro Marie Dyngen - Musikklivet, Gunn Helen Henne og Roar W. Vangsnes - Opplev Leikanger"