Stort løft for Hjelpekorpset i Leikanger

Godt nøgd: Leiar i Hjelpekorpset i Leikanger, John Petter Svedal, er godt nøgd med at korpset fekk moglegheit til å investere i to nye snøscooterar.

Støtte frå Gjensidigestiftelsen og Røde Kors nasjonalt på totalt kr. 400 000, sikra Røde Kors Leikanger Hjelpekorps ei kvalitetsoppgradering med to nye snøscooterar. Med dette er Hjelpekorpset godt utrusta til krevjande oppgåver i fjellet.


23.04.2020 John Petter Svedal



- Vi fekk etter søknader tildelt kr. 180 000 frå Gjensidigestiftelsen, og kr. 220 000 frå Røde Kors nasjonalt. Dette gjorde det mogeleg for oss å investere i to nye snøscooterar, som kvar kostar om lag kr. 200 000, seier leiar i Røde Kors Leikanger Hjelpekorps, John Petter Svedal. Han sender samstundes ein stor takk til begge bidragsytarar. Støysvak, men mykje krefter Snøscooterane er av merket Lynx Commander, begge med turbo og 150 hestekrefter. Dette byr på mykje krefter. - Sidan det her er snakk om 4-takt motor, så støyar dei langt mindre enn dei tradisjonelle 2-taktsmotorane. I tillegg brukar dei mindre drivstoff. Desse er altså meir miljøvennlege enn dei vi har hatt før, seier leiaren. Tek seg godt fram i krevjande område - Dette er vel noko av det beste du får tak i under kategorien arbeidssnøscooter. Takka vere moderne oppbygning av snøscooter, grovt belte og mykje motorkraft, er vi betre rusta til å komme oss fram i krevjande område, seier leiaren. Han trur at kraftutbygginga som finn stad i Grindsdalen og Henjadalen vil gjere Leikanger til eit meir populært skiområde. - Når fleire folk trekker mot område som det før ikkje var så naturleg å ferdast i, krev det at vi har godt utstyr i korpset og at mannskapet vårt er kjent i området. Det er difor viktig å gjennomføre kjentmannsturar og øvingar i fleire område, og ikkje minst er det viktig å øve på å bli god på å køyre snøscooter. Sistnemnte må ikkje undervurderast, og han understrekar: - Køyring av snøscooter er ofte forbunde med risiko, men med rett bruk og mykje mengdetrening er det eit fantastisk verktøy for oss under redningsaksjonar. Vi kjem oss fort fram og pasienten slepp å vente så lenge i snøen. Kostbart utstyr Med to nye snøscooterar, bestemte korpset seg for å selje ein av dei to eldre snøscooterane som dei hadde. Salet av den eine snøscooteren gjorde det difor mogeleg å kjøpe ein ny redningspulk. - Det er dyrt å drive ei frivillig redningsteneste på godt vis. Berre redningspulken med slede kostar over kr. 50 000, så det seier seg sjølv at ein er heilt avhengig av økonomisk støtte frå ulike hald. Vi treng heile tida ei fornying av utstyret vårt for å kunne stille på aksjonar – både vinter og sommar. - Vi prøver no å skaffe oss midlar til å kjøpe ein hengar som kan frakte begge snøscooterane. Sjølv om det er mogeleg å ta seg fram til dei fleste områda med utgangspunkt frå garasjen på Kleppa, er det langt frå hensiktsmessig i mange tilfelle. Ein hengar vil difor vere eit særs godt supplement til beredskapen vår. Denne vil vi kunne nytte heile året, då vi også har ein ATV med belte som må transporterast til ulike område. Ynskjer fleire medlemmar Grunna situasjonen med korona, har aktivitetsnivået i korpset vore på eit mindre nivå denne vinteren. - Vi hadde store planar for ulike aktivitetar denne vinteren, så det har ikkje blitt øva så mykje som vi hadde ønska. Men det vil det bli høve til seinare. Samtidig understrekar han at dei likevel har vore i beredskap og at dei nye snøscooterane har blitt brukt. - Vi er i beredskap heile tida, og er klare til å rykkje ut dersom vi blir utkalla av enten AMK eller Politiet. Snøscooterane har også blitt testa i redningsaksjon, nokre få øvingar og til leigekøyring, før leiaren avsluttar: - Nye medlemmar er alltid velkomne, og dersom du ynskjer å vere frivillig eller er nysgjerrig på kva det inneberer å vere med oss, så ta kontakt.