Besøkstenesta har blitt telefonvenen: – Ingen skal bli sitjande einsame

KONTAKT MED OMVERDA: Alle Røde Kors-laga i Sogndal kommune er no mobiliserte for å dekka behovet for telefonisk kontakt med dei mange som sit heime aleine. - Me er i gang og me er mange, seier leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad. Foto: Terje Eggum

– No koplar me opp telefonisk kontakt til alle som sit heime aleine, ingen skal bli sitjande einsame, seier Knut Henning Grepstad.


30.03.2020 Sogn Avis - Terje Eggum



Viruset smittar garantert ikkje mellom mobiltelefonar. – Me tenkjer på behovet til dei som er isolerte og i fråvær av slekt og vener kan oppleva einsemd no, seier Knut Henning Grepstad, leiar av Leikanger Røde Kors. Ei tid med smittefokus Røde Kors-laga i Sogndal, Leikanger og Balestrand har samla seg bak ein omsorgsplan tilpassa ei tid med smittefokus. – Einsemd kan vera ei tung utfordring i desse tider, seier Knut Henning Grepstad. Dei tre respektive gamlekommunane har hatt sine omsorgsplanar for besøkstenesta. No erstattar dei den gamle med ei telefonvenordning. Eitt hundre har alt meldt seg – Me legg til sides den gamle prosedyren, seier Røde Kors-leiaren, dette er ikkje tida for besøk og fysisk nærleik. – Me kan ikkje praktisera sosial omgang av det gamle slaget i desse tider, seier han, og forsikrar at dei som frå gamalt stod på besøksplanen no får tildelt ein telefonven. Han opplyser at om lag hundre har meldt seg til teneste. Også kommunalt innmelde – Me hadde tiltaket oppe i kommunen sitt beredskapsråd torsdag, seier Knut Henning Grepstad, og då blei det klarert at også dei kommunalt tilsette i omsorgssektoren skal vera medverkande. Basis i tenesta blir alle mottakarar som har stått i planen til dei tre omsorgskorpsa, samt kommunalt innmelde som har bruk for ein telefonven. – Ta vare på kvarandre I dei respektive gamlekommunane er det tre nummer som kan ringast for å bli kopla opp mot ein telefonven. Desse er 93202490 (Sogndal), 41234039 (Balestrand) og 90501614 (Leikanger). Tiltaket er Røde Kors-laga sitt bidrag inn til den nasjonale dugnaden som no blir bygd ut i alle retningar. – Me skal ta vare på kvarandre og me skal ta vare på alle, seier Knut Henning Grepstad.