Røde Kors er med på koronavirus-dugnaden

Røde Kors deltek i kriseleiinga i Sogndal kommune

Sogndal kommune har mobilisert sine ressursar i arbeidet med å stoppe koronaviruset, og kommunen sitt beredskapsråd er i arbeid. Dei tre Røde Kors laga i kommunen er representert i beredskapsrådet.


17.03.2020 Knut Henning Grepstad



Kriseleiinga har oppmoda Røde Kors om å registrere dei ressursane vi kan sette inn dersom kommunen treng hjelp og støtte. Aktuelle oppgåver er mange. Det kan til dømes vere å bringe mat, handle, servere, enkel matlaging, enkel vask- og omsorg, rettleiing og vakthald. Men også andre oppgåver kan kome etter kvart som kommunen får oversyn over kva som trengst. Røde Kors har som mål å vere klar til innsats på ei rekke område, innanfor laga sine ressursar og kompetanse. Vi registrerer no kven som kan delta i dugnaden og melder dette inn til kommunen som tek stilling til bruk. Tilbakemeldinga frå medlemane har vore særs positiv. Dei tre laga kan stille med slike ressursar: OMSORG OG BEREDSKAPSVAKTER: - Sogndal Røde Kors: 21 - Leikanger Røde Kors: 35 frivillige + nokre ikkje avklåra - Balestrand Røde Kors: 32 frivillige + 7 når dei er ute av karantene HJELPEKORPSA: - Sogndal Røde Kors: 12 - Leikanger Røde Kors: 20 - Balestrand: 14 Vi er merksame på at hjelpekorpset står i beredskap 365 dagar i året. Dei vil også framover trengast i søk og redning. Vi vil difor prioritere frivillige frå Omsorg i Korona-innsats. Det er viktig at hjelpekorpset har restkapasitet til å rykke ut dersom det vert ein aksjon.