Korpsleiar John Petter Svedal tek i mot Leikangerprisen på vegner av Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, han fekk gode ord med seg frå ordførar Jon Håkon Odd, og blomar frå Sigrid og Isa. Foto: Terje Eggum
07.10.2019 John Petter Svedal
Tekst frå https://www.sognavis.no/farga-fruktbart-systrond-raudt Korps sidan 1962 Leikanger Røde Kors Hjelpekorps blei mottakar av den siste Leikangerprisen i regi av Leikanger som kommune. Det var ikkje vanskeleg for juryen, som er formannskapet, å samla seg om ein kandidat. Leikanger Røde Kors Hjelpekorps har vore kommunens frivillige samfunnsberedskap sidan 1962. Ordførar Jon Håkon Odd hadde gleda av å venda seg til det fruktbare publikummet med ei solid grunngjeving for utnemninga. Breitt engasjement - Dette korpset har invitert inn i rekkjene sine folk som er innstilte på å leggja ned mykje av fritida i arbeidet med å vedlikehalda eit særs kompetent miljø, seier ordføraren, og rosar den sterke frivillige-gjengen for eit allsidig samfunnsengasjement. Dei er skjerpa til alle døgnets tider når behovet melder seg. Aksjonane i hjelpekorpsets regi, for å berga liv og verdiar, er utalege. Sidan Olav Hovland blei utpeikt til den første korpsleiaren, i 1962, har denne ressursen vore på plass i lokalsamfunnet. Lokal mobilisering Korpsleiar John Petter Svedal takka på vegner av laget og forsikra dei frammøtte på Saftplassen at prispengane, 7.500 kroner, skal setjast inn der dei gjer mest nytte for seg, i operativt utstyr. Ordføraren er glad for å bu i ei bygd som tek vare på seg sjølv. - Når samfunet elles ikkje strekk til når det kjem til å yta alminneleg regional innsats i ein ambulanseplan, må det mobiliserast lokalt, seier han. Fleire ute i naturen Ordføraren slår fast at det er bruk for eit slikt korps meir enn nokon gong. - I vår tid, med fleire ute i naturen til alle tider på året, toppar kravet seg meir enn før til den frivillige beredskapen, seier Jon Håkon Odd, og gler seg over å kunne overlata den siste Leikangerprisen til det samfunnsnyttige engasjementet.