Økonomisk bidrag til leiteaksjonen

Leikanger Røde Kors bidreg økonomisk til leiteaksjonen

Leikanger Røde Kors ynskjer å bidra økonomisk til leiteaksjonen etter Bjørn Ove Steig, og har difor gitt eit bidrag på kr. 5.000,- som skal gå til drivstoff og mat til dei frivillige som deltek i søket.


06.08.2019 Knut Henning Grepstad



Det er familen som no har overteke søket etter Bjørn Ove Steig som forsvann i sjøen i Dalsfjorden 18. juli. Bidraget frå Leikanger Røde Kors vil gå til drivstoff og mat til alle dei frivillige som deltek i søket.