Leikanger Røde Kors rustar opp nye lokale

Berit Eggum Jensen, Jorunn Eggum, Kirsten Jorunn Handeland og Signe Røyseth er i full sving med å klargjere for måling i dei nye lokala på Hanehaug.

Heile Leikanger Røde Kors er i sving med å klargjere dei nye lokala på Hanehaug.


04.06.2019 Knut Henning Grepstad



Lokala på Hanehaug treng ei omfattande oppussing. På dugnad er ein vegg riven, nye dører sette inn, golvet retta opp med betong, i veggene er sprekker fyllt i og pussa, og det er lagt ny takhimling. Dei nye dørene og nokre av kontormøblane er gjenbruk frå Tinghus II og Tinghus III som no er under riving. Vidare er det lagt til rette for internett og vi har fått møblar til møterom og kontor. Det meste er gjort på dugnad. Laget har fått noko støtte til arbeidet frå kommunen, men må også dekke kostnader sjølv. I dugnadsarbeidet er både medlemmene i Omsorg og Hjelpekorpset aktivt med. Vi håpar at oppussingsarbeidet skal vere avslutta til utgangen av juli. Vi planlegg ein open dagen på Hanehaug til hausten.