Partnarskapsavtale med Leikanger ungdomsskule
Partnarskapsavtale signert med Leikanger ungdomsskule. Frå venstre: Christian Kleiven (rådgjevar LUS), John Petter Svedal (leiar Hjelpekorpset) og Ingunn Marie Myren (rektor LUS).
Hjelpekorpset signerte i dag partnarskapsavtale med Leikanger ungdomsskule. Røde Kors vert involvert i opplæring av førstehjelp, søk og redning, beredskap ved aktivitetar og utlån av utstyr. Vi vil også ta med elevane på ulike aktivitetar slik at dei kan få eit innblikk i vårt arbeid.
07.06.2019
John Petter Svedal
Det er viktig for Røde Kors å bidra i lokalsamfunnet, og spesielt for barn og unge. Vi ser fram til samarbeidet!