Leikanger Røde Kors tilbyr sykkeltur rundt i bygda

Leikanger Røde Kors er glade for å kunne hjelpa folk ut på tur. Bak frå venstre: Knut Hening Grepstad, Nils Henjum, Steinar Tveita, Jon Henjum, Bjørn Bremer, Rolf Almås og Olav Arne Himle. I syklane sit Svein Inge Henjum (t.v.) og Terje Talle.

Sykkeltur er eit tilbod for alle, både dei på sjukeheimen og dei som bur heime.


08.06.2019 Knut Henning Grepstad



– Dette er eit tilbod både for dei som er på sjukeheim og dei som bur heime, seier Knut Henning Grepstad. Med elsykkel kan alle få sjansen til på koma seg ut på tur. – Syklane er til bruk for dei som ønskjer å koma seg ein tur ut i bygda, og som ikkje greier det sjølve, seier Grepstad, som er leiar i Leikanger Røde Kors. Det er kjøpt inn to elsyklar, der passasjeren sit framme på eit sete under eit lite overbygg. Sykkelhjelp No er det sett opp ei terminliste ut oktober for ein gjeng på åtte personar som stiller som trømannskap. Dei var samla på Leikanger sjukeheim tysdag, men då var det for dårleg vêr til å ta med bebuarar på tur. Bebuarane får nok snart sjansen att. Kvar tysdag og torsdag er sett av til denne terminlista, men syklane vil vera tilgjengelege for folk andre dagar også. Dei er stasjonerte på sjukeheimen, der dei står til lading. Syklane har vore i bruk i fleire veker allereie. – Det er blitt veldig positivt motteke. Dei eldre smiler og har det kjekt. I tillegg til å koma seg ut, er dette veldig kontaktskapande, seier Grepstad. Tilpassa Det er bratte bakkar kring sjukeheimen, og Leikanger Røde Kors har fått gjort tilpassingar på syklane i forhold til det. Det skal no gå heilt greitt å koma seg rundt med ein passasjer. Tryggleiksutstyr er viktig – syklane har sele og passasjer og syklist må sjølvsagt ha hjelm. – For Leikanger Røde Kors opplevast det som veldig meiningsfullt å kunne yta eit tilbod til dei som treng det, seier Grepstad. Dei har fått god hjelp til å finansiera syklane. Det er totalt 31 bidragsytarar. – Me er veldig takksame for at næringslivet, kommunen og privatpersonar har stilt opp, slik at me kan presentera dette som eit godt og sosialt tiltak, seier Grepstad.