ATV-ane våre er klare for vinterføre
Vi har no lagt på nye kjettingar på ATV-ane våre. Med betre grep og auka tryggleik er vi klare for å rykke ut på vinterglatte vegar og stiar – slik at vi kan nå fram til dei som treng hjelp.
Vinteren er for alvor komen til Leikanger, og med snø, is og skiftande føre er god beredskap viktig. I dag har vi gjort ein viktig del av vinterførebuingane: ATV-ane våre er no skodde med nye kjettingar.
Kjettingane gir betre framkomelegheit i bratt og krevjande terreng, og sikrar at vi kan ta oss fram raskt og trygt ved redningsoppdrag. Dette gjeld både vår vanlege 4-hjuling og 6-hjulingen med båre for pasienttransport. Sistnemnde er eit viktig verktøy når vi skal hente ut personar som treng hjelp i område der det ikkje kjem fram ambulansar eller annan transport.
Sjølv om vinteraktivitetane enno ikkje er i full gang i fjellet, er mange av dalføra rundt oss allereie prega av glatte parti der uhell kan skje. Med oppgradert utstyr står vi klare til å rykke ut når behovet oppstår.
Vi minner alle om å vere varsame når de ferdast ute:
• Bruk godt fottøy
• Ta det roleg på glatte parti
• Vurder forholda før du legg ut på tur
Vi ønskjer alle ein trygg og god vinter – og hugs at vi er her om uhellet skulle vere ute.