Omsorg inviterer til triveleg juleverkstad på Hanahaug

3. desember kl. 17:00 inviterer omsorg til medlemsmøte og juledekorasjonsverkstad med gløgg og peparkaker på Røde Kors Huset. Det er også nokre få ledige plassar for ikkje-medlemmar.

Det nærmar seg jul, og omsorg inviterer til førjulssamling i Røde Kors Huset på Hanahaug onsdag 3. desember kl. 17:00. Her får deltakarane servert gløgg og pepparkaker, før ein går i gang med å lage juledekorasjonar. Arrangementet er ope for medlemmar, men det er òg sett av nokre plassar til dei som ikkje er medlem frå før. Vi håpar fleire har lyst til å vere med oss inn i førjulsstemninga. Deltakinga er gratis, og alt av utstyr vert skaffa til deltakarane. Dei som ynskjer å vere med, vert bedne om å ta kontakt med Erna Flatabø på telefon 970 23 756 innan 28. november.