Kjeringi Open 2025: Ei flott helg med dugnadsånd og beredskap

Leikanger Røde Kors var med då bygda samla seg til Kjeringi Open. Lite snø gav ekstra utfordringar, men godt samarbeid og mykje dugnadsinnsats gjorde arrangementet til ein suksess

Leikanger Røde Kors på plass i fjellet under Kjeringi Open – med 6-hjuling og utstyr klart for innsats.
Leikanger Røde Kors på plass i fjellet under Kjeringi Open – med 6-hjuling og utstyr klart for innsats.
I helga var vi med på Kjeringi Open i eit strålande vêr! Lite snø gjorde det krevjande, men dyktige folk frå alle partar gjorde til at arrangementet vart ein suksess. Kjeringi Open er ein stor dag for heile bygda – og ikkje minst for oss i Røde Kors. Det er kjekt å sjå eit så stort dugnadsapparat i drift! Grunna lite snø vart det ein del ekstra arbeid i forkant av arrangementet. Snøscooterar og anna utstyr måtte fraktast via Huksdalen, og vi hadde fleire turar i forkant for å planleggje på best mogleg måte. Bonusen er mykje køyretrening og meir kjennskap til dei fantastiske fjellområda vi har i Leikanger. Vi ser tilbake på ei flott helg, og gler oss allereie til Kjeringi Open 2026!