Barn og unge fekk prøve seg som hjelpekorpsar under Sommarmoro 2025
20 ivrige deltakarar fekk teste hjarte- og lungeredning, søk og redning, ATV-køyring og mykje meir då Leikanger Røde Kors arrangerte aktivitetsdag saman med frivilligsentralen.
I dag har vi hatt ein fantastisk aktivitetsdag for barn og unge, som ein del av Sommarmoro 2025! Heile 20 deltakarar fekk prøve seg på mange av dei same oppgåvene som vi i Røde Kors Hjelpekorps trenar på til vanleg.
Dei fekk mellom anna teste:
Hjarte- og lungeredning med hjartestartar
Søk etter sakna person (vi hadde gøymd ei dokke i ein frukthage)
Spjelking av beinbrot
Frakt av «skada» pasient på båre
Testing av skredsøkar
Øving på samband og kommunikasjon med nødnett
Og sjølvsagt – tur med ATV
Etter ein lærerik og spennande dag avslutta vi med pizza og brus. Alle deltakarane fekk diplom og ei flott hovudlykt som premie.
Vi er svært imponerte over engasjementet til barna – og det er ekstra kjekt å vere frivillig når så mange viser interesse for det vi driv med.
Då vi spurde kva som hadde vore det kjekkaste i dag, kom det same svaret frå fleire:
«Alt var kjekt! Sitte på med ATV og øve på å redde liv!»
Tusen takk til barna som var med – og til Leikanger frivilligsentral for eit godt samarbeid!