Ny 4-hjuling styrkjer beredskapen i Leikanger
Takka vere støtte frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sture Husabø sitt legat har Leikanger Røde Kors fått ein splitter ny 4-hjuling. Saman med 6-hjulingen og ATV-hengaren står hjelpekorpset no endå sterkare rusta til å rykke ut når det trengst.
Tusen takk for støtta!
Takka vere gåvefondet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sture Husabø sitt legat, har Leikanger Røde Kors no fått eit nytt køyretøy til beredskapen – ein splitter ny 4-hjuling!
Saman med 6-hjulingen vi kjøpte for eit par år sidan – som no også har båre for pasienttransport – står vi sterkare enn nokon gong i arbeidet med å hjelpe når det trengst.
På 6-hjulingen sit Trond Eiken, som representerer SpareBank 1 Sogn og Fjordane – vår største bidragsytar til dette køyretøyet.
På 4-hjulingen sit Jon Håkon Odd frå Sture Husabø sitt legat, som også sponsa oss med ATV-hengar i 2019.
I midten står John Petter Svedal, leiar i Leikanger Røde Kors Hjelpekorps.
Vi er stolte over å ha topp moderne og fullt utstyrte ATV-ar – og vi håpar fleire har lyst til å bli med på laget vårt!
Ta kontakt om du vil vere frivillig i verdens beste hobby!
Tusen takk til bidragsytarane våre – støtta dykkar gjer ein stor forskjell for beredskapen!