Kjekk og lærerik øving med nytt aksjonsstøtteverktøy

I går hadde vi ein spanande kveld der vi øvde på eit nytt felles aksjonsstøtteverktøy. Dette verktøyet gir aksjonsleiinga full kontroll over søkemannskapa ved leiting etter sakna personar på land.

Frivillig frå Røde Kors på leiting i mørket
Frivillig frå Røde Kors på leiting i mørket
Det nye aksjonsstøtteverktøyet er svært nyttig og gir oversikt over kvar søkemannskapa er, og kva område dei har søkt gjennom. Øvinga gav verdifull erfaring og innsikt i korleis dette verktøyet fungerer i praksis. Synest du dette verkar kjekt og interessant? Ta kontakt, så kan du bli med neste gong du også! 😀