Aktivitetsdag for barn og ungdom
I dag hadde vi aktivitetsdag for barn og ungdom som ein del av SommarMoro 2024. Deltakarane fekk øve seg på hjarte- og lungeredning, og redning med vakuummadrass. Dei blei ekspertar i å bruke skredsøkar ved å leike gøymsel og å finne snop.
Dagen vart avslutta med pizza og brus. Tusen takk til barna som var med på denne kjekke dagen, og til Leikanger frivilligsentral for eit godt samarbeid.