Sommarfest på barneskulen
Leikanger barneskule arrangerte sommarfest der inntekta gjekk til Leikanger Røde Kors.
Onsdag arrangerte 4. klasse ved Leikanger barneskule sommarfest, der inntektene gjekk til Leikanger Røde Kors. Dette er stor stas for oss!
To av våre frivillige stilte opp denne dagen, og med seg hadde dei opplæringsdokker til øving på hjarte- og lungeredning. Mange elevar ville prøve dukkene.
Tusen takk til elevar og lærarar i 4.klasse ved Leikanger barneskule for at de valde oss, vi set stor pris på det!