Overraskande og kjærkommen gåve

På Sparebanken Sogn og Fjordane sitt frokostmøte på Kaupanger fredag fekk Leikanger Røde Kors overraskande tildelt ein sjekk på kr. 100 000.

Ein glad leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad, med den rause sjekken frå Sparebanken Sogn og Fjordane ved banksjef Jan Petter Vadheim.
Ein glad leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad, med den rause sjekken frå Sparebanken Sogn og Fjordane ved banksjef Jan Petter Vadheim.
Den særs kjærkomne gåva skal nyttast til Leikanger Røde Kors si pågåande oppussing av lokala på Hanehaug. Leikanger Røde Kors rustar opp dei gamle næringslokala sine slik at vi kan satse på nye ungdomstilbod og styrke lags- og medlemsaktivitetar. Leikanger Røde Kors er veldig glad for den rause gåva og takka hjarteleg!