Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane
Vi har fått tildelt 50.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette er midlar som kjem godt med!
Hjelpekorpset har mykje kostbart utstyr som skal vedlikehaldast og oppgraderast, så ei slik støtte frå vår mangeårige og viktige støttespelar, betyr svært mykje. Tusen takk! Sjekken vart her motteken av leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad.