Røde Kors er med på koronavirus-dugnaden
Sogndal kommune har mobilisert sine ressursar i arbeidet med å stoppe koronaviruset, og kommunen sitt beredskapsråd er i arbeid. Dei tre Røde Kors laga i kommunen er representert i beredskapsrådet.
Kriseleiinga har oppmoda Røde Kors om å registrere dei ressursane vi kan sette inn dersom kommunen treng hjelp og støtte. Aktuelle oppgåver er mange. Det kan til dømes vere å bringe mat, handle, servere, enkel matlaging, enkel vask- og omsorg, rettleiing og vakthald. Men også andre oppgåver kan kome etter kvart som kommunen får oversyn over kva som trengst. Røde Kors har som mål å vere klar til innsats på ei rekke område, innanfor laga sine ressursar og kompetanse. Vi registrerer no kven som kan delta i dugnaden og melder dette inn til kommunen som tek stilling til bruk.
Tilbakemeldinga frå medlemane har vore særs positiv. Dei tre laga kan stille med slike ressursar:
OMSORG OG BEREDSKAPSVAKTER:
- Sogndal Røde Kors: 21
- Leikanger Røde Kors: 35 frivillige + nokre ikkje avklåra
- Balestrand Røde Kors: 32 frivillige + 7 når dei er ute av karantene
HJELPEKORPSA:
- Sogndal Røde Kors: 12
- Leikanger Røde Kors: 20
- Balestrand: 14
Vi er merksame på at hjelpekorpset står i beredskap 365 dagar i året. Dei vil også framover trengast i søk og redning. Vi vil difor prioritere frivillige frå Omsorg i Korona-innsats. Det er viktig at hjelpekorpset har restkapasitet til å rykke ut dersom det vert ein aksjon.