Flott tur til Villmarka

Omsorg hadde ein flott tur til Villmarka idag med bebuarane på sjukeheimen og andre som ville vera med oss.

Villmarka med bebuarane på sjukeheimen og andre som ville vera med oss.
Villmarka med bebuarane på sjukeheimen og andre som ville vera med oss.
Ivar Buene spela trekkspel til både allsong og underhaldning, og han fortalde vitsar til stor applaus. Per Steinar Melås fortalde frå turane sine i både inn- og utland, og kva nye dyr som er komne i samlinga . Han er eit høgdepunkt, eit oppkomme av historiar. Til slutt fekk han oss med på: "hugsar ve kva desse gamle systrondsordi betyr?" Vi satsar på å koma att om eit års tid, for dette var ØYE KJEKT. Takk og til Magne Fretheim som stilte som sjåfør. 40 deltakarar hadde eit kjekt besøk i regi av Leikanger Røde Kors Omsorg.