Kjentmannskøyring i Breheimen
Mannskap frå Leikanger var i dag med på kjentmannskøyring frå Turtagrø til Nørdstedalseter med hjelpekorpsa i Luster, Hafslo og Sogndal, i tillegg til Politiet.
Vi la bak oss i underkant av 90 km der vi på vegen også var innom Oppland fylke.
Det er viktig å bli kjent med områda til nabokommunane, og ikkje minst bli meir kjent med mannskap frå andre hjelpekorps i tillegg til Politiet. Dette er gull verdt i aksjonar. Takk for ein fin dag!