Ny snøscooter styrkar beredskapen i Leikanger
Hjelpekorpset har fått ein ny snøscooter takka vere støtte frå gåvefondet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Den nye scooteren vil styrke både beredskap, opplæring og øving i hjelpekorpset.
Leikanger Røde Kors Hjelpekorps har nyleg fått på plass ein ny snøscooter av typen Ski-Doo Expedition Xtreme Turbo R med 180 hestekrefter. Investeringa er gjort mogleg gjennom eit generøst bidrag frå gåvefondet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Med denne i tillegg til to Lynx Commander 4-takt Turbo på 150 hestekrefter, har hjelpekorpset no ein solid og moderne snøscooterpark. Dette gir auka kapasitet og betre føresetnader for å løyse oppdrag i vinterfjellet.
– Snøscooterar av denne typen er ei stor investering for eit frivillig hjelpekorps. Difor betyr det mykje for oss at ein lokal bank vel å støtte arbeidet vårt og beredskapen i lokalsamfunnet, seier John Petter Svedal, leiar i hjelpekorpset.
Den nye snøscooteren har allereie vore i bruk, trass i ein vinter med lite snø. Erfaringane så langt er svært gode, og scooteren svarar til forventningane.
I tillegg til å styrke beredskapen, vil den nye snøscooteren også ha stor verdi for opplæring og øving. Når hjelpekorpset trenar på søk og redning, er det viktig at så mange frivillige som mogleg får delta. Med ein ekstra snøscooter kan fleire vere med samtidig, noko som gir betre trening og styrkar samhandlinga i mannskapet.
Leikanger Røde Kors Hjelpekorps rettar ein stor takk til SpareBank 1 Sogn og Fjordane for støtta, og set også stor pris på bidraget frå Norges Røde Kors.
Snøscooteren er levert av Vang Auto-Service.