To nye hengarar styrkar beredskapen til Leikanger Røde Kors

Med støtte frå gåvefondet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sogn Sparebank, samt bidrag frå Sogndal kommune, har Leikanger Røde Kors investert i to nye hengarar. Dette gir betre moglegheiter for trygg og effektiv transport av køyretøy og redningsutstyr – året rundt.

Dei to nye hengarane – éin med lokk og éin utan – gir Leikanger Røde Kors betre moglegheiter for trygg transport og strategisk plassering av køyretøy og redningsutstyr. Foto: Thor Arne Husum
Dei to nye hengarane – éin med lokk og éin utan – gir Leikanger Røde Kors betre moglegheiter for trygg transport og strategisk plassering av køyretøy og redningsutstyr. Foto: Thor Arne Husum
Leikanger Røde Kors har nyleg teke i bruk to nye hengarar – éin med lokk og éin utan. Investeringa er gjort mogleg gjennom støtte frå gåvefondet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sogn Sparebank, i tillegg til bidrag frå Sogndal kommune. For hjelpekorpset er trygg og effektiv transport av utstyr heilt avgjerande når vi blir utkalla på aksjon. Snøscooterar, ATV, redningspulk og anna naudsynt redningsutstyr må raskt og sikkert kunne fraktast dit behovet er. Dei nye hengarane gir oss betre kapasitet og større fleksibilitet i slike situasjonar. Hengaren med lokk gir nye moglegheiter. Han kan frakte snøscooter, ATV og anna redningsutstyr, og kan i tillegg plasserast strategisk nær utfartsområde som ein «minigarasje». Dette kan bidra til raskare tilgang på utstyr når det er mykje aktivitet i eit område. Hengaren utan lokk gir fleksibel transport av ATV og anna utstyr, både vinter og sommar, og gjer oss betre rusta til oppdrag også utanfor nærområdet vårt. Leikanger Røde Kors er svært takksame for støtta frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sogn Sparebank, og set også stor pris på bidraget frå Sogndal kommune. Slike bidrag er viktige for å kunne halde oppe og vidareutvikle den frivillige redningsberedskapen – til beste for heile lokalsamfunnet.