Øving på søk og redning i Huksdalen

Frivillige frå Røde Kors, Politi og Sivilforsvaret under øving i Huksdalen. ATV-en blei brukt til søk og trygg transport av pasient på båre. Foto: John Petter Svedal.

Onsdag 22. oktober hadde vi ei kjekk og lærerik redningsøving saman med Politi og Sivilforsvaret. Øvinga la vekt på samarbeid, trygg pasienttransport og bruk av nytt redningsutstyr i område utan mobildekning.


27.10.2025 John Petter Svedal



Under øvinga trente vi på søk, kommunikasjon og transport av pasient på båre med ATV. I KO (kommandoplass), som bestod av skåphengaren vår, planla vi søket saman med dei andre etatane. Her hadde vi lys, varme og straum frå vårt eige aggregat – og internett via Starlink. For første gong testa vi Starlink skikkeleg i kombinasjon med FAKS, det nye aksjonsstøtteverktøyet for redningstenesta. Dette var ein stor suksess, og vi gjorde oss mange nyttige erfaringar – spesielt sidan Huksdalen er eit område med dårleg mobildekning. Slike øvingar gir oss både tryggleik, erfaring og betre samhandling mellom etatane. Takk til alle som deltok frå Røde Kors, politiet og Sivilforsvaret!