Leikanger Røde Kors på plass i fjellet under Kjeringi Open – med 6-hjuling og utstyr klart for innsats.
28.04.2025 John Petter Svedal
I helga var vi med på Kjeringi Open i eit strålande vêr! Lite snø gjorde det krevjande, men dyktige folk frå alle partar gjorde til at arrangementet vart ein suksess. Kjeringi Open er ein stor dag for heile bygda – og ikkje minst for oss i Røde Kors. Det er kjekt å sjå eit så stort dugnadsapparat i drift! Grunna lite snø vart det ein del ekstra arbeid i forkant av arrangementet. Snøscooterar og anna utstyr måtte fraktast via Huksdalen, og vi hadde fleire turar i forkant for å planleggje på best mogleg måte. Bonusen er mykje køyretrening og meir kjennskap til dei fantastiske fjellområda vi har i Leikanger. Vi ser tilbake på ei flott helg, og gler oss allereie til Kjeringi Open 2026!