Barn fekk prøve seg på førstehjelp, pasienttransport og andre oppgåver som Røde Kors trenar på til vanleg.
03.07.2025 John Petter Svedal
I dag har vi hatt ein fantastisk aktivitetsdag for barn og unge, som ein del av Sommarmoro 2025! Heile 20 deltakarar fekk prøve seg på mange av dei same oppgåvene som vi i Røde Kors Hjelpekorps trenar på til vanleg. Dei fekk mellom anna teste: Hjarte- og lungeredning med hjartestartar Søk etter sakna person (vi hadde gøymd ei dokke i ein frukthage) Spjelking av beinbrot Frakt av «skada» pasient på båre Testing av skredsøkar Øving på samband og kommunikasjon med nødnett Og sjølvsagt – tur med ATV Etter ein lærerik og spennande dag avslutta vi med pizza og brus. Alle deltakarane fekk diplom og ei flott hovudlykt som premie. Vi er svært imponerte over engasjementet til barna – og det er ekstra kjekt å vere frivillig når så mange viser interesse for det vi driv med. Då vi spurde kva som hadde vore det kjekkaste i dag, kom det same svaret frå fleire: «Alt var kjekt! Sitte på med ATV og øve på å redde liv!» Tusen takk til barna som var med – og til Leikanger frivilligsentral for eit godt samarbeid!