Ny 4-hjuling styrkjer beredskapen i Leikanger

Frå venstre: Jon Håkon Odd frå Sture Husabø sitt legat, John Petter Svedal – leiar i Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, og Trond Eiken frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Takket vere bidraga deira har hjelpekorpset fått eit nytt køyretøy og topp moderne utstyr.

Takka vere støtte frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sture Husabø sitt legat har Leikanger Røde Kors fått ein splitter ny 4-hjuling. Saman med 6-hjulingen og ATV-hengaren står hjelpekorpset no endå sterkare rusta til å rykke ut når det trengst.


08.08.2025 John Petter Svedal



Tusen takk for støtta! Takka vere gåvefondet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sture Husabø sitt legat, har Leikanger Røde Kors no fått eit nytt køyretøy til beredskapen – ein splitter ny 4-hjuling! Saman med 6-hjulingen vi kjøpte for eit par år sidan – som no også har båre for pasienttransport – står vi sterkare enn nokon gong i arbeidet med å hjelpe når det trengst. På 6-hjulingen sit Trond Eiken, som representerer SpareBank 1 Sogn og Fjordane – vår største bidragsytar til dette køyretøyet. På 4-hjulingen sit Jon Håkon Odd frå Sture Husabø sitt legat, som også sponsa oss med ATV-hengar i 2019. I midten står John Petter Svedal, leiar i Leikanger Røde Kors Hjelpekorps. Vi er stolte over å ha topp moderne og fullt utstyrte ATV-ar – og vi håpar fleire har lyst til å bli med på laget vårt! Ta kontakt om du vil vere frivillig i verdens beste hobby! Tusen takk til bidragsytarane våre – støtta dykkar gjer ein stor forskjell for beredskapen!