Bebuarane på sjukeheimen fekk ein flott dag på fjorden.
14.08.2024 Knut Henning Grepstad
Leikanger Røde Kors takkar drosjene på Leikanger for særs god service og godt samarbeid i samband med båtturane på fjorden som vi skipa til for bebuarar på Leikanger sjukeheim og i aldersbustadane 25. juli 2024. Turane vart gjennomførde i godt samarbeid med Sogn Brann og Redning som også gjorde ein særs god jobb. Alle deltakarane var strålande nøgde med turen og opplegget. Dei smilte og stråla og dei takkar så mykje. Også dei tilsette på sjukeheimen og vi som deltok frå Leikanger Røde Kors Omsorg er særs nøgde og takkar hjarteleg! Vi håpar alle er klare til nye turar neste år.