Fruktbare dagar

Barna fekk prøve seg på førstehjelp på elektroniske dokker. Foto: John Petter Svedal

Kjekk dag på fruktbare dagar der hjelpekorpset og omsorg hadde fellesstand i lag med Sogn brann og redning, Redningsselskapet og ambulansen. Vi hadde med oss både 6-hjuling, 4-hjuling og snøscooter, til stor stas for borna som fekk prøvesitje dei.


01.10.2023 John Petter Svedal



Været var ikkje på topp, men humøret var det ikkje noko å seie på! Vi hadde også med oss skåphengaren vår som var fin å søke ly i, der publikum fekk prøve seg på hjarte- og lungeredning på elektroniske vaksne- og babydokker.