Aktivitetsdag for barn og ungdom

Barna øvde seg på gjenopplivning på elektroniske dokker med attendemelding på storskjerm. Foto: John Petter Svedal

I dag hadde vi aktivitetsdag for barn og ungdom som ein del av SommarMoro 2024. Deltakarane fekk øve seg på hjarte- og lungeredning, og redning med vakuummadrass. Dei blei ekspertar i å bruke skredsøkar ved å leike gøymsel og å finne snop.


29.06.2024 John Petter Svedal



Dagen vart avslutta med pizza og brus. Tusen takk til barna som var med på denne kjekke dagen, og til Leikanger frivilligsentral for eit godt samarbeid.