Samarbeidsmøte med Balestrand og Sogndal 11. mai.
13.05.2023 Knut Henning Grepstad
Stor takk til alle 11 som deltok på den godt organiserte og gjennomførte dugnads- og ryddedagen 3. mai. Også stor takk til Husnemnda, Jorunn, Rune og Leif Arne og til "snittsmørjarane" Jorunn, Alvhild og Karen Margrete for alt arbeide med å tilrette og nydelig servering på det vellukka samarbeidsmøtet med Balestrand og Sogndal 11. mai. 12. mai fekk vi 100 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane til vidare opprusting av Røde Kors Huset vårt på Hanehaug. Så det har vore ein superfin start på mai for Leikanger Røde Kors. Vi får no eit fint og praktisk hus som vert til god hjelp i arbeidet vårt med å skape eit triveligere og tryggare Leikanger. Stor takk til alle som gjer ein viktig innsats i Leikanger Røde Kors - kvar på sin plass i laget! Alle bidrag er viktige og trengst for at Leikanger Røde Kors skal fungere som ein velfungerande organisasjon! Og vi har plass til fleire som vil være med å gjere ein innsats. Så til deg som ikkje alt er medlem: Bli medlem!