Fruktbare dagar

Publikum fekk prøve seg på førstehjelp på elektroniske babydokker. Foto: John Petter Svedal

I anledning Fruktbare dagar har Leikanger Røde Kors hatt stand utanfor Saften. I år som i fjor stilte vi ut noko av utstyret vårt med blant anna snøscooter og ATV – til stor stas for ungane som prøvesat på dei.


01.10.2022 John Petter Svedal



I år hadde hjelpekorpset eit særleg fokus på førstehjelp på baby, der publikum fekk prøve seg med hjarte- og lungeredning på elektroniske babydokker. På skjerm fekk vi sjå kvaliteten på kompresjonar og innblåsningar. Dette var populært og til stor interesse hjå publikum. Omsorg hadde også stand og verva mange nye medlemmar.