Treng du hjelp til julehandelen? Då er RK-gjengen klare til å trø til

KLARE: – Treng du hjelp til julehandelen er det berre å ta kontakt. Me i Røde Kors er klare, seier Knut Henning Grepstad og Jorunn Norstein Eggum. Foto: Kai Martin Brekke

Leikanger Røde Kors byr på eit nytt tilbod i førjulstida.


14.12.2020 Sogn Avis / Kai Martin Brekke



– I år vil me stilla opp for folk som treng hjelp til julehandelen, seier leiar Knut Henning Grepstad og Jorunn Norstein Eggum i Leikanger Røde Kors omsorg. – Ta kontakt Tilbodet gjeld for systrendingar som har behov for litt ekstra handlehjelp til jul. – Det kan vera personar som ikkje køyrer bil sjølve. Og kanskje har nokre også behov for å kjøpa gåver som dei ønskjer å halda litt hemmeleg for dei næraste. Dette tilbodet kjem i tillegg til dei gode tenestene kommunen byr på to dagar i veka. Det er berre å ta kontakt med Leikanger Røde Kors og finna ei tid som passar for begge partar, seier dei. Også til Sogndal Grepstad og Eggum fortel at utgangspunktet er ein handletur i Leikanger, men at Røde Kors også vil køyra lenger, om det skulle vera ønskjeleg. – Treng nokon ein tur til Sogndal er me opne for det. Me avklarer korleis dagen skal brukast, og so køyrer me i veg. Er det tid til det legg me opp til ein hyggjeleg avslutning med kaffi og prat på kroa, seier dei. Og gjer det klart at kostnaden med avslutninga, den tek Røde Kors seg av. På is Grepstad og Eggum fortel at ideen til spesialtilbodet dukka opp i veka som var. – Røde Kors omsorg er opptekne av å vera eit supplement og støtte til folk som har problem med kontakt. Me har eit fast opplegg på dette, men det har blitt lagt på is under koronaen. I sommar har me hatt ringjerundar til aktuelle personar, men me har vore på leit etter andre måtar. Då kom denne ideen opp, seier dei. Elsyklar I fjor kjøpte Leikanger Røde Kors inn to elsyklar med vogn som har blitt eit svært populært tilbod. To gonger i veka har ni karar delt på trøjobben. – Dette tilbodet har me i år hatt frå mars og utover hausten. Det kjem att neste år. Dei ni karane har gitt melding om at dei er klare til nye sykkeloppdrag når det vårast att. Det er me veldig glade for, seier Grepstad og Eggum.