Gåve sikrar ATV til hjelpekorps

Gåve sikrar ATV til hjelpekorps

No kan Leikanger hjelpekorps koma seg raskare og enklare fram når nokon treng hjelp.


22.05.2018 RK Leikanger



Med støtte frå Marine Harvest og Sparebankstiftinga har Leikanger hjelpekorps kjøpt inn ein ny ATV. Dei seinare åra har Leikanger hjelpekorps registrert eit aukande behov for å koma raskt fram i terrenget, og korpset har i nokre år hatt planar om å investera i ein ATV for å betra den generelle beredskapen ved søk- og redningsaksjonar. Fram til no har me vore godt rusta til å handtera aksjonar vinterstid, medan me ikkje har hatt eigna utstyr for aksjonar på barmark. Investeringa i ATV gir oss ein forbetra og meir fleksibel framkomst også sommarstid, seier leiar i hjelpekorpset Svein Helge Steinsåker, i ei pressemelding. Viktig ressurs Marine Harvest-fondet støttar frivillige organisasjonar som bidreg til å skapa trygge og gode lokalsamfunn, og Leikanger hjelpekorps har fått 63.500 kroner til kjøp av ny ATV. Innkjøpet av ein ATV vil vera ein viktig ressurs for alle som ferdast i fjell- og utmarksområde i Leikanger, og dette er noko Marine Harvest ønskjer å støtta opp om, seier driftsleiar Bjarne Sjøthun ved Marine Harvest sitt anlegg på Leikanger. Godt rusta Også Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane såg nytten av at hjelpekorpset på Leikanger disponerer ein ATV, og stilte velvillig opp med 44.500 kroner. Takka vera delfinansieringa frå Marine Harvest og Sparebankstiftinga er hjelpekorpset no altså godt rusta for aksjonar både sommar og vinter. Hjelpekorpset er gjennom ein eigen avtale tilslutta Helse Førde AMK om pasienttransport utanfor veg, og ATV-en vil utgjera ei styrking av Helse Førde AMK sin aksjonsradius utanfor veg; særleg i dei tilfella der luftambulanse ikkje er tilgjengeleg, avsluttar Steinsåker, og i pressemeldinga går det fram at Leikanger hjelpekorps sender ein stor takk til bidragsytarane.