Har du ein godlynt hund og vil glede nokon?

Besøksvenn med hund

Røde Kors inviterer til informasjonskveld for Besøksvenn med hund i Vik 2. desember kl. 18:00 og i Leikanger 3. desember kl. 18:00.


19.11.2019 Kirsten Jorunn Handeland



800 Røde Kors besøkshundar og eigarar spreier glede til einsame unge og eldre i heile landet. Vi er på institusjonar, hos heimebuande, på krisesenter eller berre på spasertur med ein som ynskjer nett det. Røde Kors lokalforeiningar i Sogn rekrutterer no frivillige med hund til å verte med på denne meiningsfylte aktiviteten. Er du interessert i å finne ut om dette er noko for deg og din hund? Møt opp på Vik bygde- og sjukeheim måndag 2. desember kl. 18:00 eller på Leikanger sjukeheim tysdag 3. desember kl. 18:00. Vi håpar å sjå deg der! Velkommen!