Forebyggande seilas på Leikanger i dag

ATV-med hengar og snøscooter var spennande for elevane.

Forebyggande seilas arrangert av Redningsselskapet på Leikanger i dag, der elevar frå 5. – 7. klasse, ca. 100 skuleelevar, var invitert for å lære om tryggleik. Røde Kors stilte opp i lag med politi, brannvesen og ambulanse.


29.08.2019 John Petter Svedal



Vi gjennomgjekk livreddande førstehjelp der elevane fekk prøve seg på hjarte- og lungeredning. Dei fekk også vite meir om vår rolle som frivillig hjelpeorganisasjon, før dei fekk sette seg på ATV og snøscooter. Det var sjølvsagt stor stas, og om nokre år når dei er gamle nok, kan dei komme tilbake og få køyre også! Er du nysgjerrig på kva det vil seie å vere frivillig i Røde Kors Hjelpekorps og kva anna vi gjer? Ikkje nøl med å ta kontakt, vi vil gjerne ha fleire med oss.