Omsorg sine sangsamlingar annakvar tysdag er veldig populær

Stort oppmøte på populære songsamlingar på sjukeheimen

Omsorg sine tysdagssamlingar med Odd Njøs og Jon Lunde samlar alltid mange til ein kjekk sangtime.


04.06.2019 John Petter Svedal



Omsorg har i mange år invitert til sangsamlingar annakvar tysdag på sjukeheimen. Odd Njøs på mandolin med si vakre sangstemme og Jon Lunde på trekkspel samlar mange til kjekke sangopplevingar. Dei to syng og spelar og dreg med seg forsamlinga på allsang. Det er gamle melodiar og sangar som skapar stor glede mellom dei frammøtte. Før sangen er det ei kaffistund med god prat. Omsorg stiller med tre personar på kvar av samlingane. Med to slike grupper som organiserer arbeidet vert det ein tysdag i månaden for kvar gruppe. Samlingane går frå kl. 16:30 til kl. 17:30. Alle er velkomne, også dei som bur heime.