Påskeberedskap

Påskeberedskap

I dag har vi vore i beredskap oppi fjellet. Sein påske og lite snø er nok årsaka til lite folk på ski i år. Det har difor vore ein roleg dag der vi har kost oss med grilling av pølser i sola.


18.04.2019 John Petter Svedal



Dei vi har snakka med har gitt utrykk for at det er flott at vi er synlege i fjellet. Kjekt med slike attendemeldingar og ein super dag å vere hjelpekorpsar!