Øving søk og redning med ATV

Tysdag kveld hadde Hjelpekorpset ei kjekk og lærerik øving. Mannskapa fekk trene på søk etter sakna person ved hjelp av ATV og det digitale søkeverktøyet FAKS.

Mannskap frå Hjelpekorpset gjer seg klare til å frakte den sakna personen (ei øvingsdokke) tilbake til Røde Kors-huset på båre med 6-hjulingen. Foto: John Petter Svedal
Mannskap frå Hjelpekorpset gjer seg klare til å frakte den sakna personen (ei øvingsdokke) tilbake til Røde Kors-huset på båre med 6-hjulingen. Foto: John Petter Svedal
Under øvinga brukte vi FAKS, eit digitalt verktøy som blir nytta ved søk etter sakna personar på land. Verktøyet gjer det enklare å koordinere søket og halde oversikt over både mannskap og gjennomsøkte område. Søkemannskapa har ein app på mobiltelefonen der dei får opp søketeigane som er teikna inn på kartet av dei som leiar aksjonen. Posisjonen til mannskapa blir kontinuerleg sendt til KO (kommandoplassen), slik at aksjonsleiinga har full oversikt over kvar mannskapa er, og kva område som er gjennomsøkte. Begge ATV-ane våre vart nytta under søket. Då den sakna personen, som i dette tilfellet var ei øvingsdokke, vart funnen, blei vedkomande frakta tilbake til Røde Kors-huset på båre med 6-hjulingen. Øvingar som dette er viktige for å halde ved like kunnskap og ferdigheiter, og for å sikre godt samarbeid mellom mannskapa når vi blir kalla ut på oppdrag. Vi treng fleire frivillige! Har du lyst til å lære meir om søk og redning og bidra til beredskapen i lokalsamfunnet? Leikanger Røde Kors Hjelpekorps ønskjer fleire frivillige velkomne. Ta gjerne kontakt med oss dersom du er interessert i å bli med på ei øving!